Geirr Lystrup og Godtfolk - HA TI DÆ

Geirr Lystrup og Godtfolk - HA TI DÆ

Det legedariske albumet “Ha ti dæ”kom ut i 1983 etter at Geirr hadde budd fem år i Lom. Som medbragt «mæinn åt den nye tæinnlækjare», i eit byggefelt med fele og toraderspel i annankvart hus, plukka han etterkvart opp gamaldansmelodiar som høvde med tekst og ville lage bandet Godtfolk.

Hans W. Brimi vart spurt om han ville vera med, men han meinte det var like godt med sonen Rolv som takka ja. I tillegg blei det Knut Kjøk på fele, Jan Fyrun på torader og trekkspel samt Olve Venås på elbas. Saman utgjorde dei eit reint Vårdalsband, verdas beste på masurka i moll! Under plateinnspelinga ville produsenten Erik Hillestad ha med litt nytt blod attåt: Henning Sommerro på orgel og Stein Erik Tafjord på tuba. Plata vekte stor åtgaum, og tubaen vart i lange tider diskusjonstema i gamaldansmiljøet i Gudbrandsdalen, men det til trass blei Ha ti dæ nominert til Spellemann i Folkemusikklassa.


No, nærare førti år etter at eg skreiv tekstane til Ha ti dæ!, er det stas at albumet ikkje er gløymt. Og at Riksscenen vil lage Ha ti dæ-fest. På Riksscenen blir både Rolv Brimi og Jan Fyrun med. I tillegg kjem Kristin Kolden med Juniorlaget i Lom Spelemannslag, unge lovande jenter. Ein annan vårdøl, Bjørn Kåre Odde stikk innom. Det gjer også Geir Otnæs på trekkspel og Stein Erik Tafjord på tuba. På kontrabass Olav Lystrup Thesen.Så her er det duka for godfot i det trivelegaste grendehuset i Oslo - med Kakelinna, Spelemannsdraumen, Jentelokken og Grendahusvalsen. - Geirr Lystrup

Geirr Lystrup – vokal, gitar, Rolv Brimi – fele, Bjørn Kåre Odde – fele, Jan Fyrun – trekkspel, torader, Geir Otnæs – trekkspel, Stein Erik Tafjord – tuba, Olav Lystrup Thesen – kontrabass, Juniorlaget i Lom Spelemannslag – feler

Pre-order $17.99 Share
Geirr Lystrup og Godtfolk - HA TI DÆ

1 Video