PER ANDERS BUEN GARNÅS - FYKERUDEN

PER ANDERS BUEN GARNÅS - FYKERUDEN

PER ANDERS BUEN GARNÅS - FYKERUDEN konsertstart: 08.05.21 - 20:00 CET
Tilgjengelig til og med: 15.05.21 - 23:30 CET

Pris: 150,-

Det er duka for tre konsertar på tre dagar når storspelemannen Per Anders Buen Garnås kjem på bytur i mai. Trilogien av konsertar skal ta for seg dei tre store i Telemark på 1800-talet; Myllarguten, Fykeruden og Gibøen ein etter ein der me vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gjennom Per Anders sine ord og tonar.

FYKERUDEN

Trilogien til Per Anders Buen Garnås vert avslutta med spelet og sogene av og om Lars Fykerud.

Lars Fykerud (1860 - 1902) vart fødd og vaks opp i Sauherad, Telemark. Han var opplært på hardingfele av far sin, Hans Fykerud, som òg var ein omtykt spelemann i si tid, men Lars utvikla spelet sitt vidare og vart ein av dei meir stilskapande spelemennene me har hatt. Lars Fykerud var ein av dei fyrste til å forstå verdien av konsertframføringar på hardingfele så lyriske konsertstykkje vart ein naturleg del av komponeringa, noko han drog både åtgaum og dollar for når han turnerte i amerika seint 1800-tal.

Lars Fykerud vart diverre berre 42 år gamal før han gjekk bort, men han greidde likevel å setje djupe spor i spelemannssoga her i landet, så vel møtt til eit musikalsk møte med ein av meir segnomsuste meistarane på nasjonalinstrumentet vårt.

Per Anders Buen Garnås - hardingfele

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.

Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Riksscenen desse dagane. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabalaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre konsertane «Myllaren», «Gibøen» og «Fykerud´n» får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.

Pre-order $14 Share
PER ANDERS BUEN GARNÅS - FYKERUDEN

1 Video

  • PER ANDERS BUEN GARNÅS - FYKERUDEN

    Det er duka for tre konsertar på tre dagar når storspelemannen Per Anders Buen Garnås kjem på bytur i mai. Trilogien av konsertar skal ta for seg dei tre store i Telemark på 1800-talet; Myllarguten, Fykeruden og Gibøen ein etter ein der me vert betre kjend med dei tre meistaranes liv og musikk gj...